• Fagblogg
  • Opne læringsressursar til heile verda

Opne læringsressursar til heile verda

NDLA er ein viktig lagspelar i utviklinga av opne læringsressursar i Noreg og i verda. På den måten bidreg vi til å nå FN sine berekraftsmål.

Mann med grå genser og skjegg viser fram læringsressursar til to kvinner med langt hår og briller. Foto.
Læremiddelansvarleg Eivind Sehested Zakariassen viser fram NDLA sitt digitale kodekammer til resten av verda. Foto: Sverre Skjold, CC BY-SA

Kunnskap skal vere tilgjengeleg for alle, og NDLA vil vere med på å gi heile verdssamfunnet moglegheit til livslang læring. Skal vi få til dette, må vi aktivt dele. Derfor var NDLA nyleg deltakar ved verdskongressen Open Educational Global Conference i Edmonton i Canada. Her bidrog vi med fleire workshops og foredrag om korleis vi lagar læringsressursar som fritt kan delast, gjenbrukast og endrast, Open Educational Resources (OER).

Virtuelle opplevingar med NDLA

Ein av dei som var i elden, var læremiddelansvarleg Eivind Sehested Zakariassen. Han presenterte NDLA Virtual Tour 360 for ivrige konferansedeltakarar, eit verktøy som fritt kan brukast av alle.

– Det er fint at vi har gitt bort eit verktøy som vi har laga, til heile verda, seier Zakariassen.  

NDLA Virtual Tour 360 blir brukt for å lage digitale escape rooms. Det er laga av NDLA, og er fritt tilgjengeleg for alle som ønsker å ta det i bruk. I Edmonton viste Zakariassen korleis kodekammera Tidsmaskinen og Hekta? er produserte ved bruk av NDLA Virtual Tour 360.

– Det var stor interesse for å lære meir om dette. Fleire hadde erfaringar med H5P, og no kunne dei òg lage eigne kodekammer med verktøyet vårt.

Zakariassen meiner at NDLA med foredraga sine og med workshops fekk bidrege med mykje under konferansen.

No kunne dei òg lage eigne kodekammer med verktøyet vårt.

– Det NDLA er med på, er verkeleg stort. Opne læringsressursar er ei internasjonal rørsle, det er ein rett, og det er godt at Noreg deler noko som kan brukast i land med store behov.

Opne læringsressursar er eit viktig satsingsområde for FN, og gjennom UNESCO har alle medlemslanda forplikta seg til å satse på dette. I tillegg seier FN sitt berekraftsmål nummer 4 at vi skal “Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremme moglegheiter for livslang læring for alle.”

Berekraft i undervisninga

Mann med lyst hår, mørk jakke og kvit t-skjorte. Foto.
Stian Olsen, regionleiar i FN-sambandet.
Foto: FN-sambandet

Stian Olsen, som er regionleiar i FN-sambandet, meiner at det ikkje er så mange lærarar i Noreg som har utdanning innanfor berekraft.

– Då er det ekstra viktig at aktørar som oss og NDLA bidreg til kompetanse på dette feltet. Opne digitale læremiddel gjer det lettare for lærarar å skaffe seg handlingskompetanse, meiner Olsen.

Vi er i ein generasjonskrise. Toget er i ferd med å gå no.

Opne digitale læremiddel er støttande tiltak til både rike og fattige land, men Olsen poengterer at det er gigantiske forskjellar og dermed veldig ulike behov. Han peikar på at 25 prosent av verdas barneskular manglar straum, og at 50 prosent manglar internett. Pandemien gjorde vondt verre.

– Gjennom pandemien mista 147 millionar barn og unge halvparten eller meir av undervisninga dei skulle ha. 25 millionar barn og unge kom aldri tilbake på skulen. Vi er i ein generasjonskrise. Toget er i ferd med å gå no, seier Olsen.

Han er overtydd om at det er bra å bidra med opne ressursar for å få kopla barn og unge på utdanning. FN-sambandet har sjølv opne digitale læremiddel, og for dei er det utdanning som er nøkkelen til å nå berekraftsmåla, også i Noreg. Dei er nøgde med å ha fått på plass berekraftig utvikling som tverrfagleg tema i fagfornyinga.

Ønsker OER i heile utdanningsløpet

Læringsressursane i NDLA er laga av lærarar, og dei er for lærarar. At det NDLA driv med, er brukarstyrt, og at NDLA har ein unik kontakt med skulane, meiner dagleg leiar, Sigurd Trageton, er eit særmerke ved NDLA. I tillegg trekker han fram samarbeidet med ulike offentlege organisasjonar der NDLA bidreg med pedagogisk kompetanse, lagar undervisningsopplegg og redistribuerer fagstoff til elevar og lærarar.

Mann med mørkt hår og mørk genser nede i høgre hjørne. Han viser korleis NDLA får moglegheit til å lage læringsressursar. Foto.
Dagleg leiar i NDLA, Sigurd Trageton, presenterte nyleg NDLA-modellen på OE Global-konferansen. Foto: Hilde Schjølberg Evensen, CC BY-SA

– NDLA er eigd av fylka, og politikarane har valt å bruke pengar på frikjøp av lærarar. På den måten bygger Noreg opne digitale læringsressursar med veldig høg kvalitet, seier Trageton.

Han legg til at fylka dermed oppfyller samfunnsoppdraget sitt og bidreg til at vi skal nå berekraftsmål nummer 4 om inkluderande, rettferdig og god utdanning for alle. 

Skule og bibliotek i Noreg er gratis tilgjengeleg, men digitalt innhald bør òg vere eit velferdsgode.

Sjølv kunne han ønske at Noreg tok skrittet vidare og tilbydde opne læringsressursar til langt fleire enn lærarar og elevar i vidaregåande skule.

– Opne læringsressursar er gull verdt frå barnehage til senioruniversitet. Skule og bibliotek i Noreg er gratis tilgjengeleg, men digitalt innhald bør òg vere eit velferdsgode. Noreg skal, som berekraftsmålet seier, fremme moglegheit for livslang læring. Gjennom UNESCO har vi forplikta oss til å tilby opne læringsressursar, avsluttar Trageton.

Opne digitale læringsressursar

  • Du kan dele, bruke, skape, endre og redistribuere læringsressursane.
  • Gjennom Unesco (FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon) har alle medlemslanda forplikta seg til å satse på opne læringsressursar: Open Educational Resources (OER). Noreg er blant dei.
  • Det er ein av nøklane til FN for å nå berekraftsmål nummer 4 om god utdanning – i kampen om å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane.
  • NDLA sine læringsressursar er opne og tilgjengelege, og det er òg teknologien og plattforma NDLA blir publisert på. Delar av teknologien vår er implementert av Global Digital Library, eit ope bibliotek der målet er å hjelpe dei 617 millionar barn og unge i verda som framleis ikkje kan lese.
    Kjelde: NDLA: Samfunnsoppdraget vårt