Håvard Krøvel-Velle underviser i mediefag på utdanningsprogram for medium og kommunikasjon ved Volda vidaregåande skule. Saman med elevane sine lagar han engasjerande escape room.

Escape room som metode
For Håvard er alle former for kreativ medieproduksjon like mykje ein hobby som det er jobb. Idéen med å lage escape room i skulesamanheng fekk han då han starta opp med eit nytt fag på skulen i 2018.
– Faget heiter medieutvikling og handlar mykje om moderne teknologi og nye kommunikasjonsformer. Eg likar tanken på å skape nye og spennande møtestader mellom brukar og medium. Gjennom VR og AR og alle slags tekniske duppedittar kan det som i utgangspunktet har vore tradisjonelle medieuttrykk, bli «levandegjort» og interaktivt.
Han meiner at escape room også kan nyttast som metode i andre fag.
– Erfaringa mi på fjerde skuleåret med dette faget er at det er få ting som er meir engasjerande og spennande for elevane – og for meg sjølv. I tillegg til teknologien handlar det om historieforteljing, og det kan ein gjere i alle fag.
Utvikla i samarbeid med lærar og elevar
I skuleåret 2021/22 har Håvard og klassen hans prøvd ut NDLA si nye løysing for å lage digitale interaktive escape room.
– NDLA og H5P si nettbaserte løysing for interaktiv 360 er eit lågterskelverktøy som er lett å bruke og med stor vinst. Så lenge du får tatt eit bilete eller ein video i 360, eventuelt får laga og eksportert ein 3D-modell i 360, kan det enkelt setjast inn i denne modulen og gjerast interaktivt.
Han meiner at innholdstypen Virtual Tour 360 eignar seg spesielt godt til historieforteljing.
– Som det ligg i ordet, kan det nyttast til virtuelle omvisingar, men også til å fortelje historier og presentere fagstoff på ein engasjerande måte – til dømes gjennom ei escape room-oppleving. Om ein tek i bruk mobiltelefon i tillegg, noko alle har i lomma, kan ein legge til ekstra funksjonalitet, som til dømes å skanne QR-kodar eller Snaplens-kodar for å løyse oppgåver utanfor sjølve modulen.
Nedanfor kan du prøve ein demoversjon av escape roomet dei har laga. Det kan vera lurt å sjå videoen lengre oppe i saken før du byrjar.
På NDLA kan du finne ressursar om å lage escape room og tips til escape room.