Vil du leggje til rette for meir elevaktivitet i timane? Vi gir gode tips til korleis du kan nytte digitale læringsressursar og verktøy for å skape variasjon og aktivitet i undervisninga.

Det er god stemning, og elevane er i full aktivitet i klasserommet på Strinda videregående skole. Dei har trippeltime i engelsk, og siste halvtimen med Quizlet Live ber preg av stort engasjement. Læraren deira, Lena Leirdal, er oppteken av å skape eit godt klassemiljø, og ho tek gjerne i bruk ulike metodar for å få elevane i aktivitet.

– Eg har mellom anna plukka ut tekstar og videoar frå NDLA og skrive ut QR-kodar med lenkjene til desse. Dei har eg hengt opp rundt om på bygget eller ute. Då må elevane mine ta med skjermen ut av klasserommet og røre på seg, fortel Leirdal, som synest det er viktig med variasjon og små avbrekk i undervisninga.

– Du blir jo sliten i hovudet av å jobbe konsentrert uansett om du jobbar med bok eller på skjerm. 

Leirdal nyttar gjerne mobilen som eit verktøy for å få elevane i aktivitet og ut av klasserommet, noko elevane hennar set pris på. 

– Quizlet Live, Kahoot og rebusløp der vi må ta bilete, er ein fin måte å nytte mobilen på i undervisninga, fortel eleven Nora, og klassekameratane nikkar samde.

– Eg likar òg at læraren forklarer frå tavla og sin PC, og at vi deretter får jobbe vidare på vår eigen PC, seier ho. 

Finn deg noko lite og bli god på det

Lena Leirdal er IKT-pedagog, men synest sjølv at det kan vere vanskeleg å få tid til å lære seg nye verktøy og program i ein hektisk kvardag. Ho ser at det går med mykje tid på å bli kjend med nye system og læreplanar, og det kan bli lite tid til overs til å utforske digitale mogelegheiter i klasserommet. Leirdal trur derfor det er viktig at ein ikkje prøver på for mykje på ein gong.

– Nøkkelen er å finne seg noko lite og bli god på det. Ein må ta nokre val, seier ho. 

Kollegasamarbeid og det å ha god dialog med elevane når ein prøver nye ting er òg viktig. 

– Spør elevane! Dei er kloke og har ofte mange gode tilbakemeldingar. 

Tre tips frå Lena Leirdal

  • Ta læringa ut av klasserommet med QR-kodar. Lag QR-kodar med ulike tekstar, videoar og oppgåver som du skriv ut og hengjer opp rundt om på skulen eller ute i nærområdet. Elevane har med seg mobil og må ut for å finne lærestoffet.

  • Diskuter med Padlet. Få i gong ein diskusjon på ein, to, tre. Når det er stille i klassen, kan Padlet vere ein god måte å starte ein diskusjon på. Anonyme innspel via Padlet og telefon gjer det ufarleg å dele tankar som læraren kan ta utgangspunkt i.

  • Få opp stemninga med Quizlet Live. La elevane konkurrere medan dei lærer faglege omgrep av kvarandre. 

Fagstoff for aktive elevar

Koordinator for fagredaksjonane i NDLA, Inga Berntsen Rudi, fortel at det er nytta mykje ressursar på å skape nytt og variert innhald på ndla.no til fagfornyinga. 

– Med fagfornyinga har vi satsa veldig mykje på nye typar elevaktiviserande oppgåver, fortel ho.

Mange av dei nye ressursane er lagde opp slik at elevane anten nyttar skjermen på ein ny måte eller må ut og gjere eit eller anna. 

– I mange fag har vi laga oppgåver der elevane skal øve på samfunnsvitskaplege metodar. Dei skal ut og observere, notere, intervjue og ta med heim, fortel ho. 

Slike utforskande oppgåver finn du no i alt frå sosiologi og sosialantropologi til barne- og ungdomsarbeidarfag. 

Førebudd til vidare studium

I tillegg til å ha fokus på eit godt og trygt læringsmiljø set Leirdal av mykje tid i starten av skuleåret til å lære elevane strategiar, studieteknikk og bruk av ulike digitale verktøy. 

– Det er viktig å gi dei nokre gode strategiar for korleis dei skal behandle digital informasjon, og å la dei lære seg verktøya. 

Ho opplever at elevar som har lært seg å nytte OneNote skikkeleg, er meir rett på, dei har mappestruktur, og dei legg gjerne inn ein beskjed i OneNote-appen med telefonen sin når dei får ein god idé til ei oppgåve på bussen. 

– Dei lærer seg koblingane mellom ting og kan dra nytte av det. Då trur eg dei er kome eit godt stykke på veg til å vere studieførebudde, seier ho. 

– Det er verdt å nytte litt ekstra tid på det. 

I verktøykassa for elevar på ndla.no kan du finne ressursar for arbeid med mellom anna læringsstrategiar, bruk av digitale verktøy og kjeldebruk. 

Friare planlegging med digitale læringsressursar

Den siste tida har Leirdal valt å gå over til å hovudsakleg basere seg på digitale læringsressursar. 

– Eg kjenner meg mykje meir kreativ når eg ikkje har bok, sier ho. 

Ho seier at ho fort har vorte litt låst til kapitla om ho nyttar ei fast lærebok, og likar at ho no tenkjer friare.  

– I går oppdaga eg til dømes ein ny serie som kunne passe godt å nytte, og plutseleg hadde eg laga utkast til både PowerPoint og oppgåver, seier ho. 

– Eg trur timane blir kjekkare og meir aktive då. 

Ho fortel at ho og kollegaene nyttar NDLA mykje, saman med andre ressursar dei plukkar ut eller lagar sjølve. 

– Då har vi rammene, og så krydrar vi med litt andre ting, seier ho. 

Den siste tida synest ho det har vore ekstra praktisk å ha denne basen å spele på når kvardagen er svært ustabil, og det fort vekslar mellom karantene, digital undervisning og klasseromsundervisning. 

– Det hjelper at alle har tilgang til dei same læringsressursane uansett kvar dei er. Det er ein stor fordel no, seier ho.