• Fagblogg
  • Utviklar læremiddel på både bokmål og nynorsk

Utviklar læremiddel på både bokmål og nynorsk

Ifølgje opplæringslova kan det i andre fag enn norsk berre brukast lærebøker og andre læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. NDLA tek både lova og den prinsipielle retten til elevane på høgste alvor.

Foto av elevar som snakkar saman.
Foto: Tom Knudsen (CC BY-SA)

Kompetent språkteam

Ein av grunnane til at elevane har rett på læremiddel på eiga målform, er ifølgje forskrift til opplæringslova at det skal “… gjere det enklare for eleven å gjere seg nytte av opplæringa og sikre dei språklege rettane som eleven har”.

Foto av språkansvarleg Marion Federl.
Språkansvarleg Marion Federl. Foto: Tom Knudsen (CC BY-SA)

Marion Federl er språkansvarleg i NDLA. Ifølgje ho har NDLA produsert læremiddel på begge målformene heilt sidan oppstarten i 2007. Ho kan fortelje at arbeidet med språkvask, korrektur og omsetjing har blitt stadig meir omfattande og stadig meir profesjonalisert.

– I dag har vi eit internt språkteam som består av fem dyktige lærarar med relevant formalkompetanse og ulike typar språkleg tilleggskompetanse og -erfaring. Vi bruker også profesjonelle eksterne aktørar til å hjelpe oss. Vi har ein rammeavtale med Totaltekst, ein stor leverandør av språktenester. Dei har mange offentlege verksemder som kundar, mellom anna Utdanningsdirektoratet. Fleire erfarne språkkonsulentar frå Totaltekst hjelper oss mens vi reviderer fag i samband med fagfornyinga.

Ho fortel om innhaldsrike arbeidsdagar og viktige avgjerder for å lage læremiddel på to målformer.

– Å jobbe med språk i NDLA er både engasjerande, morosamt og slitsamt, og det er sjeldan kjedeleg! Vi lærer noko nytt kvar einaste dag, ikkje “berre” om språk, men også om kva som må til for at samspelet mellom skriftleg tekst, bilete og lyd på ein læringsnettstad skal bli optimalt.

Likestilling og rettferd

Ho meiner at det å tilby læremiddel på både bokmål og nynorsk mellom anna handlar om likestilling og om rettferd.

–  Det handlar om å gi nynorsken ein reell sjanse til å bli brukt – eller oppdaga – som skriftspråk.

Og for at læremiddelet skal bli brukt, er kvaliteten på språket viktig.

–  For elevane er lærebøkene, NDLA og nettsidene til forlaga viktige språklege førebilete. Derfor har vi eit ansvar for å sikre godt og korrekt språk i læremidla våre, og vi har eit ansvar for å tilby læremiddel på begge målformene.

Garantist for læremiddel på begge målformer

Foto av styreleiar John Arve Eide.
Styreleiar John Arve Eide. Foto: Tom Knudsen (CC BY-SA)

John Arve Eide er fylkesdirektør for kultur og mangfald i Viken fylkeskommune og styreleiar i NDLA. Han meiner at prinsippet om å lage læremiddel på begge målformene er viktig.

– NDLA tilbyr læremiddel på begge målformene fordi nynorsk og bokmål er to likeverdige skriftspråk. På vegner av fylkeskommunane er det viktig for oss å vere en garantist for læremiddel av god kvalitet på begge målformene.

Ifølgje han held NDLA fram med dette fordi det opprettheld likeverd og balanse mellom nynorskelevar og bokmålselevar.

– Etter vårt syn er spørsmålet om nynorske læremiddel større enn lovformuleringar og rettar – det handlar også om identitet og kultur. Vi veit alle at for eit lite språksamfunn som det norske er det særs viktig å styrkje språkleg identitet og mangfald dersom vi vil at vi også i framtida skal ha læremiddel på eige språk.


Den 20. november arrangerer Noregs Mållag dagsseminaret “Korleis får me ei god opplæringslov for framtida?” Her vil styreleiar i NDLA, John Arve Eide, delta i ein paneldebatt om målform i læremiddel.